Eg var lenge freista til å politimelde NRK-nyhendene for rasisme, men eg nøyer meg og denne gongen med eit lite blogginnlegg.
Langt verre for integreringa enn dei ekstreme utbrota som jamleg kjem frå Frp, er den kvardagslege rasismen. Det er rasisme som folk opplever når dei skal søke jobb, skaffe seg ein plass å bu eller dei skal gå gjennom tryggleikskontrollen på flyplassen. Kvardagsrasismen kan vere vanskeleg å oppdaga fordi vi er så vane med han, og nettopp difor er han farleg.
Kvardagsrasismen finn vi og i media, ja til og med i statskanalen. På NRK Østlandssendingen i går kl. 07.45 sa nyhendeopplesaren følgjande:
Du kan høyre saka her.
Kva har hudfargen å seie i denne saka? Kvifor er det viktig å fortelje meg at to av gutane som rana ein buss var mørk i huda? Tenkte NRK-journalisten som laga saka at ein må greie ut om hudfarga slik at lyttarar i Oslo kan passe seg for mørkhuda ungdommar, og eventuelt varsle politiet?
Vi veit at det ikkje ville blitt opplyst om hudfarge i denne saka dersom alle gjerningsmennene var kvite, og det gjorde at eg vurderte å politimelde NRK for rasisme. Men å gå til politiet ville sjølvsagt ikkje hjelpt. Kvardagsrasismen forsvinne ikkje ved at eg ikkje sinne ville stoppe det ved lovat. Dette handlar om illiberale haldningar som har grodd seg fast på stadig nye område i samfunnet, og einaste måte ein kan kjempe mot desse haldningane på er å ta til motmæle. Over alt og heile tida.

