Ein skulle tru at IOC-familien ville dempe diktatursvermeriet etter sommarens OL i Kina, men den gong ei.
Aftenposten melder i dag at den europeiske IOC-organisasjonen - EOC - førre helg gav Alexandr Lukasjenko ein spesialpris for sin innsats for den olympiske rørsla. Lukasjenko har styrt Kviterussland med jernhand og brutalitet siden 1994, og skyr ingen midlar for å halde opposisjonen unna. Eg skreiv ein del innlegg om dette i samband med presidentvalet i Kviterussland 2006.
Lukasjenko er Europas siste diktator, likevel mottek han pris av den olympiske komite i Europa. Ein komite og Noreg er medlem av. I god Heiberg-tradisjon prøver den norske representanten i EOC, Marit Myrmæl, å bagatellisre det heile vekk. Ho sier dette til Aftenposten:
Eg håpar Myrmæls kommentar over, om at dette har vi ingenting med, ikkje er den offisielle norske haldninga. Vi må kunne krevje ein eller annan reaksjon frå norsk side. Den dagen vi viser likegyldigheit overfor diktatur og diktatorar er kampen for demokrati og menneskeverd tapt.

