Forhandlingane om Soria Moria II startar måndag 28.september. Her er tre innspel frå meg.
- Sei nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen
Planane om oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen må stoppast. Det same må planane om petroleumsaktivitet ved arktiske Jan Mayen og andre sårbare havområdar.
I staden må ein auka støtta til produksjon av fornybar energi, og få på plass støtteordningar for utvikling og testing av klimateknologi. Det finst utruleg mange Petter Smarter rundt om i landet som skrik etter risikokapital - her bør staten bidra! - Auk basisløyva og trapp opp forskingsinnsatsen
Gjennomføringa av Soria Moria I var eit einast stort hån mot utdannings- og forskingssektoren. Vi hugsar alle kvileskjæret til Øystein Djupedal, og forskingsmeldinga som gjekk vekk frå treprosentsmålet. I Soria Moria II må ein få på plass lovnader om at basisløyva til høgskulane, universiteta og forskingsinstitusjonane skal aukast radikalt, og ein bør gå tilbake på treprosentsmålet. Det vil seie at den norske forskingsinnsatsen må utgjere minst tre prosent av BNP innan 2013. Og viktigast: Løfta om utdanning og forsking i Soria Moria II må, i motsetnad til løfta som blei gitt i den første regjeringsplattforma, følgjast opp! - Følgj opp personvernkommisjonens arbeid - sei nei til datalagringsdirektivet
Personvernkommisjonen la fram sine innstillingar 13.januar 2009 Det er viktig at Soria Moria II seier noko konkret om oppfølginga av kommisjonens arbeid, og spesielt viktig er det at ein no slår fast at ein ikkje kjem til å implementere det kontroversielle datalagringsdirektivet. Dette direktivet vil førre til massiv overvaking av alle lovlydige borgarar, og har ført til stort folkeleg engasjement i Noreg og andre europeiske land. Datalagringsdirektivet er den største personverntrugselen vi står overfor i dag.
Innspela er gitt - lukke til!
PS: At eg ikkje lister opp saker som skilje stat og kyrkje, liberal innvandringspolitikk, heroinassistert behandling, færre og større kommunar, færre sentralistiske maksprisar, mindre Giske-styrt kulturpolitikk, mindre statleg eigarskap, meir afrikansk biff, godkjenning av Vest-Sahara som sjølvstendi stat, ny bustadpolitikk og avkriminalisering av uskuldig fildeling har utelukkande med realisme å gjere. Det er grensar for kva ei raudgrøn fleirtalsregjering kan klare å få til.

