Folk i Oslo vil ikkje tru kor elendig busstilbodet er i landets nest største by.
Med sommarruter frå 22.juni til 16. august har Bergens kollektivtilbod blitt historisk dårleg. Frå min tilhaldsstad Sandsli, som ligg om lag 25 minutt med buss unna sentrum, går det no buss ein gang i timen etter kl. 08.50 og to ganger i timen før kl. 08.50. To avganger i timen er det og deler av ettermiddagen. I gjennomsnitt er det på strekninga Sandsli - Bergen sentrum 1,4 bussavganger per time mellom kl. 07.00 og kl. 18.00.
Medan eg om morgonen har klart å tilpasse meg den låge frekvensen, må eg om ettermiddagen nesten utan unnatak vente ein halvtime før Sandslibussen i det heile tatt kjem. Det skuldast at det ikkje er like lett å bestemme lengda på arbeidsdagen som det er å bestemme lengda på frukosten. Skal ein reise til ein stad i byen som krev bussbytte er det berre å gange 30 minutters ventetid med talet på bussavgangar. Frå Landås til Sandsli ein vanleg kveld i veka vil reise- og ventetid med buss no i juli summere seg opp til to timar. Med bil tek det 18 minutt. Ein får ikkje kollektivvaner av slikt.
Kva er eigentleg ambisjonsnivået for kollektivtilbodet i Bergen? Er det å gjere det ukomfortabelt for dei som allereie reiser kollektivt, eller er det å få fleire til å velje buss framfor bil? Spørsmålet er ikkje ironisk meint, for sjølv har eg aldri vore nærare bilkjøp enn akkurat no. Det skuldast eine og åleine kollektivtilbodet i Bergen, eller mangelen på sådan.
56 prosent av Bergens klimagassutslepp kjem frå vegtrafikken. Om målet er å redusere desse utsleppa må frekvensen på bussavgangane oppjusterast så kraftig at til og med bileigarar vel å reise kollektivt. Ein kjem inga veg med dagens kollektivtilbod som berre appellerer til hardbarka miljøideologar og folk utan bil.

