Det einaste fokuset som ser ut til å ha medias interesse i asyldebatten er om talet på asylsøkarar går opp eller ned. Om talet går ned er det visstnok bevis på at politikken er god, om talet går opp er det teikn på at politikken er dårleg. Om det kjem færre asylsøkarar til Noreg enn til Sverige og Danmark er politikken god, om det kjem fleire er politikken dårleg.
Omfanget av krig og konfliktar rundt om i verda verkar irrelevant. Nesten ingen påpeiker det faktum at dei fleste asylsøkarar kjem frå land som produserar millionar av flyktningar. Det er ikkje tilfeldig at halvparten av asylsøkarane som kjem til Noreg kjem frå Afghanistan, Eritrea og Somalia. Alle desse landa er prega av krigar og konfliktar - krigar og konfliktar som i følgje FNs Høgkommissær for Flyktningar (UNHCR) har ført til at rundt 3,5 millionar menneske har måtte flykte frå heimane sine. I eit slik perspektiv er 5000 asylsøkarar frå Afghanistan, Eritrea og Somalia til Noreg heilt ubetydeleg.
Heller ikkje menneskerettane får plass i den norske asyldebatten. Sjølv om Frp og Ap i desse dagar slåss om å framstille asylsøkarar som kjeltringar som ikkje passar inn i det norske samfunnet, er det alt anna enn kriminelt å søke asyl i Noreg. Faktisk er det å søke og ta imot asyl ein menneskerett som vi europearar satte veldig stor pris på for femti år sidan (artikkel 14 i Den Internasjonale Fråsegna om Menneskerettane).
Den politiske konkurransen om å vere strengast i asylpolitiken får det verste fram hjå politikarane. Det har blitt legitimt å massemistenke asylsøkarar for å vere kjeltringar, og ingen reagarar når parti viser vilje til å ofre samfunnets viktigaste verdiar for å hindre at asylsøkarane får kome til Noreg. Det er eit faresignal at sjølv Jonas Gahr Støre i debatt på NRK 19.august nølte med å svare programleiaren om korvidt han støtta Frps framlegg om å opprette lukka asylmottak eller ikkje. Eg hadde forventa at vår kloke utanriksminister ville slått knyttneven i bordet og fortalt programleiar, motdebattantar og tilhøyrarar at liberale demokrati som det norske ikkje fengslar menneske som ikkje har gjort noko kriminelt, for det er det lukka asylmottak er. Ein nektar asylsøkarane fridomen til å bevege seg rundt i samfunnet i tilfelle dei ein gong kjem til å gjere noko kriminelt. Slikt forventar ein berre frå diktatur som Nord-Korea, Kviterussland og Saudi-Arabia, men kven bryr seg om det?

