Då
Stortinget sa ja til romavlytting i 2005 fekk Venstres truverd som eit liberalt
verdiparti store riper i lakken. Framleis vert Venstrefolk som tek opp aktuelle
personvernsaker konfrontert med ”sviket” for fire år sidan.
Venstre
stod ikkje åleine om å seie ja til romavlytting. Det var eit solid fleirtal i
Stortinget som og inkluderte Høgre, Krf, Ap, SP og FrP. Kvifor er det då slik
at det nesten utelukkande er Venstre som blir kopla til romavlyttingsvedtaket?
Svaret er todelt. Den eine
forklaringa er sjølvsagt at justisministeren i 2005 heitte Odd Einar Dørum. Den
andre er at Venstre hadde over tid bygd seg opp eit truverd som personvernets
forsvarar. Venstre var partiet framfor nokon ein kunne lite på i saker der
tryggleikskamp gjekk på akkord med privatlivets fred.
I dag er
ikkje spørsmålet romavlytting, men datalagringsdirektivet. Konfliktlinja er
like klassisk som for fire år
sidan: kor mykje personleg fridom og integritet er vi viljug til å ofre for
myndigheitenes kamp mot alvorleg kriminalitet. Ein stad må det i ein
demokratisk rettsstat gå ei grense, men går han ved datalagringsdirektivet? Ja,
seier Venstre, KrF, Frp, Sp og SV. Ja, seier og personvernkommisjonen,
Datatilsynet, Den Internasjonale Juristkommisjonens norske avdeling og mange,
mange fleire. Nei, seier Arbeidarpartiet og Politiets Fellesforbund.
Dersom
Høgre meiner noko med dei fine programformuleringane om demokrati, rettsstat og
menneskerettar, må dei vise det no. Vi snakkar om eit direktiv som går ut på å
pålegge registrering av alle borgarars frie bruk av telefon, e-post, mobil og
internett, i tilfelle dei finn på noko kriminelt i framtida.
Datalagringsdirektivet vil føre til Noregshistorias mest omfattande
overvakingsregime.
Leiinga i
Høgre bør hente fram Dagbladet frå 17.juli 2008. I debattspaltene frå denne
dagen kan ein lese eit personverninnlegg frå
Jan Tore Sanner som vert avslutta slik:
”Personvern er en helt
sentral verdi for at vi skal føle at vi lever i et fritt og trygt samfunn
tuftet på tillit mellom mennesker og mellom individ og stat. En naturlig
konsekvens av et svakt personvern er at borgernes tillit til stat og trygghet
for egen rettssikkerhet blir en trussel mot nødvendig og velbegrunnet
informasjonstilgang i samfunnet vårt. Frykten for at informasjon misbrukes vil
kunne skape et mer lukket samfunn. Derfor må det politisk handling til for å
styrke personvernet”.
Ein treng
ikkje minne eit konservativt parti på at det i eit demokrati er det borgarane
som kontrollere staten, og ikkje omvendt. Difor er det mange av oss som har
forventingar til at Høgre står opp for personvernet i debatten om
datalagringsdirektivet.
Sviktar
Høgre vil datalagringsdirektivet fort bli det romavlytting blei for Venstre.
Multiplisert med hundre!
-------------------------------------------------------------------------
Dette innlegget har og stått på trykk i Minerva 2.12.2009.
Comments