Då er eg på plass i Brüssel. Her skal eg vere til 3.desember for å vere med på EUs besøksprogram. Nokre dagar i Strasbourg blir det og før heimreise.
Det geniale med dette besøksprorammet er, forutan at det er gratis, at eg som deltakar har fått påverke kva tema eg vil arbeide med. Det vil seie at eg har framfor meg halvanna veke med stor aktivitet rundt personvern (inkl. datalagringsdirektivet), klima og migrasjon.
Kom gjerne med tips til folk/organisasjonar eg bør prøve å treffe. Bruk kommentarfeltet eller send meg ein e-post. Blir og veldig glad om nokon kan gje meg liste over andre "must do's" i Brüssel/Strasbourg, slik som plassar å gå for godt øl!


Kom på Place Luxemburg i morgen, onsdag, og treff det norske miljøet til onsdagspils på Ralph bar fra kl 6 da kan du sikkert også lage noen flere avtaler
Posted by: Erik Sandquist | 24.11.09 at 19.11