I siste par vekers debatt om datalagringsdirektivet er det få ting som har provosert meg meir enn haldninga om at lagring av store mengder personopplysningar er heilt uproblematisk så lenge bruken av dei lagra opplysningane er strengt regulert. Er det ein ting vi bør ha lært, både av historia og nåtida, er det at mennesket gjer feil, og at teknikken alltid vil la seg lure.
Nedanfor har eg ved eit enkelt nettsøk funne fram nokre saker frå 2007-2009 der lagra personopplysningar har hamna i gale hender. Blant dei skuldige finn ein mellom anna Skattedirektoratet, eit fengsel, eit sjukehus, eit universitet, ein butikkjede, ein bank og eit teleselskap. Til og med Kripos har stått for slett handtering av sensitive personopplysningar:
1900 hemmelege namn lekka ut2009: Eit Kripos-testa datasystem lekka namn og opphaldsstad på til saman 1900 fangar, tilsette og lærarar ved rundt 20 norske fengslar.
Les meir.270.000 unike fødselsnumre til sals
2009: Ei CD-plata med Brønnøysundkatalogen som var i
allment sal inneholdt ei liste med 270.000 fødselsnumre med fullstendige namn og adressar.
Les meir.
Sjukehus la ut hemmeleg pasientinfo ut på nettet
2009: Sørlandet Sjukehus HF la ut lister med namn på svineinfluensasmitta personar
og deira familiar på nett.
Les meir.
3,5 millionar personnumre lekka ut av Skattedirektoratet2008: 3,5 millionar norske personnumre vart sendt ut til norske medier av Skattedirektoratet i samband med offentleggjering av skattelistene.
Les meir.Coop utleverte 200.000 personnumre2008: Personnumra til over 200.000 Coop-medemmer blei gitt av Coop til selskapet EnterCard.
Les meir.Kripos med ulovleg lagring av personopplysningar
2008: Kripos lar vere å slette sensitiv informasjon på grunn av det dei kallar teknisk feil.
Les meir.
3400 personnumre tilgjengeleg på nett
2007: 3400
personnumre, namn og e-postadressar til studentar og tilsette ved Det
medisinske fakultet ved UIO blei liggande fritt tilgjengeleg på
internett i to månader.
Les meir.
Tjuveri av opp mot 60.000 personnumre frå teleselskap
2007: Mellom 50.000 og 60.000 norske personnumre stjålet ved hjelp av mellom anna Tele 2 si nettside. Les meir.
DnB NOR sendte 7000 personnumre på avveie
2007: DnB NOR sendte 7000 personnumre på avveie.
Les meir.