Det var under ein debatt på Bergen Døvesenter torsdag 3.september at alle partia i Hordaland blei utfordra på kvifor vi ikkje hadde valkampinformasjon tilgjengeleg på teiknspråk. Ingen av oss hadde gode forklaringar, og det heile var veldig pinleg. Eg bestemte meg difor for å hive meg rundt og gjere noko med saka. Etter debatten kom eg i kontakt med tre teiknspråktolkar som sa seg viljug til å hjelpe, og vips var filmen klar. Til neste valkamp skal vi lage fleire filmar på teiknspråk, som kanskje ikkje så mange er klar over er offisielt språk i Noreg. Då skal og kvaliteten bli betre.


Comments