Fleire aviser har i det siste publisert eit lesarinnlegg frå SVs Inga Marte Thorkildsen der ho angriper Venstres miljøengasjement. I overfladisk skuledebattstil hopper Thorkildsen elegant over miljørekneskapen for sitt eige parti for perioden 2005-2009. Kanskje ikkje så rart når ein ser på lista under:
- Opning for oljeleiting ved korallrevet Sularevet
- Nei til grøne sertifikat som ville fått fart på den fornybare energiproduksjonen
- Utsetjing av Ringeriksbana som ville redusert reisetida med tog mellom Bergen og Oslo med 1 time
- Nedlegging av vær- og klimaskipet Polarfront frå 01.01.2010
- Mageplask på Mongstad - ingen rensing frå dag 1!
- Opning av det kontroversielle Goliat-feltet
- Likegyldig til oljesandutvinning med StatoilHydro i Canada
- Stans av CO2-rensing på Kårstø
- Opning for oljeaktivitet utanfor Jan Mayen
Andre som har døme på fleire miljøsvik frå regjeringa dei siste fire åra?

