Det er mildt sagt sjokkerande at Stavanger tingrett har bestemt seg for å hemmeleghalde rettsavgjersla om kor vidt det er politiet eller underhaldningsbransjen som skal etterforske fildeling i framtida.
Bakgrunnen er filmbransjens rettslege krav om at nettselskapet Lyse Tele må røpe identiteten til han eller ho som piratkopierte Max Manus. Til no har politiet vore dei einaste som har hatt rett til å innhente informasjon frå nettselskapa om kven som skjular seg bak kvar einskild datamaskin i Noreg. Dette gjer tingrettens avgjersle prinsipielt svært viktig. Om plate- og filmselskapa får fri tilgang til norske folks ip-adressar betyr det i realiteten at politiets monopol blir oppheva.
Då TONO i 2007 gjekk ut med krav om innsyn i ip-adressar la dei ikkje skjul på motivet: Dei var svært misfornøgd med politiets innsats mot fildeling og ville difor sikre seg retten til å gjere politiets jobb. Juridisk rådgjevar i TONO, Irina Eidsvold Tøien, formulerte seg slik: "Ressurssituasjonen i politiet er slik at de ikkje klarer å følgje opp dette i så stor grad som vi ønskjer det". TONOs logikk, om at alle som meiner politiet ikkje gjer jobben sin må få lov til å ta lova i eigne hender, er skremmande.
Det er lite tilfredsstillande å ikkje vite kva Stavanger tingrett har kome fram til i sin rettsavgjersle. Har dei gitt underhaldningsbransjen politifullmakter i kampen mot fildeling, eller har dei verne om politiets monopol til å etterforske lovbrot?
I demokratiets namn må rettsavgjersla offentleggjerast!


Comments