Sjå for deg ein fullsatt Brann Stadion. Tenk så at alle tilskodarane rundt bana er papirlause innvandrarar som levde rettslause liv i skuggen av samfunnet, i skjul for norske myndigheiter. Kva gjer ein?
Ein fullsatt Brann Stadion i 2009-sesongen vil seie 18.000 personar. Det er like mange personar som SSB meiner lever i det norske samfunnet utan lovleg opphaldsløyve. Dei har kome til Noreg, søkt asyl og fått avslag. Norsk politikk er at dei skal kastas ut av landet. Det er sjølvsagt formelt riktig, men i praksis er ikkje det alltid like lett å få til. Anbefalar Radiodokumentaren på P2 om dette temaet.
For kva når asylsøkaren kjem frå eit land som ikkje vil ta imot returnerte asylsøkarar? Eller når asylsøkaren m/familie har venta så mange år på endeleg svar frå utlendingsmyndigheitene at banda til Noreg har blitt svært sterke? (t.d. at borna har gått årevis på skule i Noreg...) Eller når asyksøkarane kjem frå land i krig?
Sjølv om vi prøver å kaste dei med endeleg avslag på asylsøknaden ut av landet, er det mange som ikkje blir kasta ut. Med mindre vi har tenkt å bruke alle landets politiressursar på å jakte papirlause innvandrarar i kjellarar og loftsbodar, og samstundes slutte å forhalde oss til moglege konsekvensar av retur til opphavslandet, vil og morgondagens Noreg huse tusenvis av papirlause innvandrarar. Dei vil halde fram med å leve i konstant frykt for å bli oppdaga av myndigheitene og kasta ut. Dei vil unngå å oppsøke lege når dei blir sjuk og gå til politiet når arbeidsgjevaren bryt arbeidsmiljølova. Kontakt med det offentlege Noreg er farleg om ein vil bli verande. Papirlause invandrarar er rett og slett rettslause personar i samfunnet vårt.
Attende til spørsmål: Kva gjer ein?
Mitt forslag er amnesi. Norske myndigheiter har tidlegare gitt amnesti til folk med uregistrerte våpen og uregistrerte konti i utlandet. Det har vore populært i alle politiske leire. No er det i humanismens namn på tide med amnesti til menneske som lever i skjul, slik spanske, amerikanske og italienske myndigheiter har gjort før oss. Amnesti er den einaste kortsiktige løysinga på problemet med papirlause innvandrarar.
Den langsiktige løysinga er å opne opp ein ærleg innvandringsdør til Noreg. Gjere det mogleg for menneske utanfor EØS-sona å kome til verdas rikaste land for å jobbe. I dag er det å søke asyl den einaste måten folk frå fattige land kan kome til Noreg på, og då seier det seg sjølv at mange av dei som kjem ikkje oppfyller kriteria for asyl.
Eg vurderar å fremje eit fråsegn til Venstres landsmøte om amnesti til landets 18.000 papirlause innvandrarar. Om det får fleirtal er høgst usikkert. Amnesti vil og vere kontroversielt i Venstre. Motargumentet er at amnesti vil premiere folk som gøymer seg for myndigheitene. Men då bør ein vel og vere imot amnesti på andre områdar? Og bør vi ikkje berre innsjå at 18.000 papirlause innvandrarar er eit resultat av ein stengd innvandringsdør til Noreg?
Kva syns du?


Comments