Trykket frå akademikarar, skribentar, Facebook-gruppe, politisk opposisjon, bloggarar, redaktørar og modige politikarar som Torbjørn Jagland blei til slutt for sterkt for fleirtalsregjeringa. Ytringsfridomen blir likevel ikkje ofra på hestehandelens alter. Gratulerer!
Dermed blir sluttresultatet av siste vekers kaos at blasfemiparagrafen blir oppheva utan at regjeringa tvingar gjennom eit forbod mot "kvalifiserte angrep på trusretningar og livssyn" ein annan stad i straffelova.
Sluttresultatet er naudsynt, men ikkje radikalt. Han siste som blei tiltalt for blasfemi i Noreg var Arnulf Øverland i 1933 for foredraget "Kristendom, den tiende landeplage". Etter dette har fleire prøvd å bruke blasfemiparagrafen til å stoppe utgjevingar som Life of Brian, Sataniske Vers og Muhammed-karikaturar, men det har ikkje bore fram. Ved å ikkje innfører religionsvern i straffelova, slik regjeringa forsvarte fram til i går, har ein hindra at den sovande blasfemilova blir vekt til live etter 75 år.
Det som har forundra meg mest dei siste to veker er Liv Signe Navarsetes forsvar for forbodet mot religionskritikk. I andre samanhenger framhever Senterpartiet den breie folkekyrkja som noko positivt som må takast vare på, men det partiet gløymer at kyrkja aldri hadde vore "brei og folkeleg" om det ikkje var for religionskritikarane. Synet på kvinnelege prestar, dans, kortspel og homofili hadde aldri forandra seg om det ikkje hadde vore for at nokon våga å kritisere og utfordre religionsleiarar og religionsutøving.
Vi må verne om ytringar som kritiserer religionar og religionsutøving, og som nokon kanskje vil oppleve som ubehageleg og krenkjande. Å fjerne blasfemiparagrafen er eit steg i riktig retning, det neste steget er å tydeleggjere retten til religionskritikk i grunnlovas § 100.


God kommentar Lassie!
Posted by: Jonas | 04.02.09 at 09.57