Eg har i det siste skrevet innlegg her på bloggen om å innføre avgift på overvaking og om åinvitere Hamas til forhandlingsbordet. I dag blei begge desse standpunkta vedteke av Bergen Venstres årsmøte.
Vedtaket om overvakingsavgift:
La overvakarane betale
Bergen Venstres årsmøte støttar Personvernkommisjonens framlegg, slik som framlegget om å legge avgift på ein del tiltak som svekkar personvernet.
Personvern er viktig for Venstre fordi det er fundamentalt for eit demokrati kor staten vert kontrollert av borgarane, og ikkje omvendt. Dagens politikk fører dessverre til ein alvorleg svekking av personvernet, og samfunnet er så godt som tappa for private soner kor borgarane kan vere i fred for overvaking og registrering.
For å snu denne utviklinga meiner Bergen Venstre at ein treng ny politikk. Ved å sette ein kostnad på tiltak som kan ha negativ effekt for personvernet, kan ein syte for at mange tiltak ikkje blir realisert fordi det blir for kostbart.
Kameraovervaking av det offentlege rom er døme på tiltak som bør ileggast ein avgift. Studiar gjort av Datatilsynet viser at gater og torg i norske byar er fulle av registrerte og uregistrerte kamera. Ein kameraovervakingsavgift kombinert med betre kontroll ville truleg ført til at mange av desse kameraa ville blitt fjerna fordi dei blei ulønsame.
Bergen Venstre vil og styrke Datatilsynet i kampen for eit styrka personvern. Datatilsynet bør tilførast meir ressursar, slik at dei kan opprette avdelingar fleire stader i landet. Vidare må tilsynet få myndigheit til å sanksjonere mot verksemder /personar som bryt personvernlovgjevnadene, slik Mattilsynet har myndigheit til i dag innanfor sitt område.
Bergen Venstre vil:
· Innføre avgift på personvernkrenkjande tiltak. Døme på slike tiltak er kameraovervaking av det offentlege rom.
· Styrke Datatilsynet ved å opprette regionale avdelingar Datatilsynet rundt om i landet, og gje tilsynet moglegheit til å sanksjonere overfor verksemder/personar som bryt personvernloggjevnadene.
Vedtaket om Hamas er dette:
Inviter Hamas til forhandlingsbordet
Bergen Venstres årsmøte meiner Noreg må arbeide internasjonalt for at EU og USA inkluderer Hamas i formelle forhandlingar om våpenkvile og fred med Israel.
Hamas sitt berykta charter frå 1988, som mellom anna seier at Israel skal utslettast, er ekstremt. Men å meine at Hamas er "for ekstreme" til å bli samtala med er og ein form for ekstremisme. Kven skal forhandlingar om våpenkvile på Gaza inkludere om ein ikkje vil snakke direkte med den organisasjonen som har regjeringsmakta i Gaza?
Tida er inne for det internasjonale samfunnet til å akseptere at palestinarane, gjennom fritt og demokratisk val i 2006, har endra makttilhøva i palestinsk politikk, og med det godkjenne Hamas som offisiell samtalepartnar for fred i Midtausten. Ved å invitere Hamas til forhandlingsbordet vil ein og, på ein meir effektiv måte enn gjennom isolasjon og trugslar, kunne krevje at organisasjonen tek ansvar for eigne haldningar og handlingar.


En bra sak: http://www.bt.no/forbruker/teknologi/article729755.ece
Posted by: Venstrevelgeren | 18.01.09 at 21.46