I ein kronikk i Aftenposten i dag gjer generalsekretær i Frp, Geir A. Mo, pressen skulda for at norske politikares private sfære har blitt kraftig innskrenka det siste tiåret. Kronikken er patetisk frå den kanten. For er det eit parti som systematisk offentleggjer detaljar om eigne toppolitikaras private liv, så er det nettopp Frp.
Carl I. Hagen har vist fram huset sitt i Se og Hør for å presse opp prisen på bustaden sin. Siv Jensen har fortalt oss at ho har personleg trenar. Per Sandberg gjennomførte for ein del år sidan forsøk på å slutte å røyke i Dagbladet. Og i går kunne vi lese over heile framsida på VG at 2 nestformann i Frå, Per Arne Lodding Olsen, har vore alvorleg hjartesjuk. Bilete av Lodding Olsen og dottera på sjukehuset var til og med "privat".
Også toppolitikarar har rett på privatliv. Men før Frp anklagar norske journalistar for å invadere dette privatlivet burde partiet gjort opp si eiga rekning. Ein god leveregel for politikarar som vil sikre sin private sfære er den Lar Sponheim praktiserer: Aldri nærare enn fjøset!


Comments