Nyhenda om at regjeringa bryt 2 av 3 Soria Moria-løfter er eit varsku til alle som bryr seg om demokratiet.
Som liberalar er det ikkje meg imot at den raudgrøne regjeringa ikkje held løfta sine. Eg kan heilt fint styre min begeistring for statsstyrt barnehagepris og sosialdemokratisk heildagsskule. Men som demokrat finn eg det problematisk at regjeringspartia har null skruplar med å bryte 75 prosent av løfta dei gav veljarane i 2005. Hadde Jens Stoltenberg klart å sikre dei raudgrøne partia fleirtal for tre år sidan om dei ikkje hadde gitt omfattande lovnader som full barnehagedekning, eige kraftregime for industrien, forlenga foreldrepermisjon, oppliving av heildagsstudenten og utrydding av fattigdommen?
Det er ikkje berre låg valdeltaking som svekkar det representative demokratiet. Manglande respekt for valløfter er minst like skadeleg.

