Alltid når eg kjem til nye plassar så kjøper eg lokalavisa. I dag kom eg til Kirkenes og måtte difor gå til innkjøp av Finnmarken, pluss to heimelaga fiskekaker (som eg ikkje får tak i i Oslo). Hovudsaka i Finnmarken fredag 15.juni er at kommunestyret har sagt nei til alkoholserveringen i "bowlinghallen" og at leiar av Båtsfjord Høgre har kjøpt seg ein ny båt.
Sitt no på "Basen" - det sinnsvakt stilige ungdomshuset i Kirkenes. Datamaskinene her er Mac (og ikkje primitive pc'ar), og dei har så store skjermar at folk på motsatt side av lokalet kan sjå kva eg skriv. Eg tippar 24 tommer.
Skal om eit par timar møte gjengen i Sør-Varanger Unge Venstre. Det blir bra. Trur det er minst femti år sidan Unge Venstre har hatt oppegåande lag i Finnmark, så denne helga blir det skrive historie i landets nordlegaste fylke.
God helg!


Lokalavisa i Kirkenes er ikke Finnmarken, men Sør-varanger Avis...
Posted by: | 20.06.07 at 07.40