Offentlegheit er viktig for demokratiet, fordi det er med å sikre borgarane sin rett til openheit og innsyn i korleis makt blir utøvd. Då eg møtte som vara for Lars Sponheim på stortinget i fjor var ei av sakene eg fekk vere med å handsame nettopp offentleglova. Noko av det eg kan hugsar frå den nye lova er at adgangen til å unnta frå offentlegheit no i langt større grad blir knytt til opplysningar eller til delar av eit dokument, og ikkje heile dokumentet. Den nye lova har og snevra inn adgangen til å unnta såkalla "interne dokument" i forvaltninga. I dette lyset er det utruleg merkeleg at Jens Stoltenberg kan nekte å frigje ein klimarapport frå SFT.
Stoltenerg har vist at formelle reglar om openheit ikkje er nokon garanti for faktisk openheit. Til sjuande og sist blir det opp til forvaltninga si eiga haldning. Det er godt mogleg statsministeren vil oppleve ein opplyst offentlegheit som plagsam og irriterande, men det er ikkje god nok grunn for å nekte borgarane i Noreg innsyn i ein viktig rapport frå faginstansen SFT.
Med dei haldningane Stoltenberg tilsynelatande har til offentlegheit i forvaltninga, er mannen ein fare for demokratiet.

