Spørsmålet er ikkje kven som skal vere offisiell norsk søknadsby for OL i 2018, men om Noreg skal arrangere OL eller ikkje. Mitt svar på det er nei.
Det frustrerer meg at kvar gong Noreg skal finne på noko ekstraordinært, så kjem forslaga om å arrangere vinter-OL. Eg er ikkje imot norsk OL i 2018 fordi eg hatar sport og idrett. Ei heller fordi eg ikkje liker Oslo, Trondheim og Tromsø, eller fordi eg er snurt fordi Bergen nok ein gong er oversett i kampen om å bli arrangørby. Grunnen er rett og slett den at et finst minst 1000 andre ting vi kan bruke 15 milliardar på for å oppnå folkefest og nasjonal reklame. OL har vi gjort to gonger før, la oss finne på noko nytt.
Til dømes kan vi gjere 2018 til eit spektaktulært kulturår til glede for langt fleire enn dei som måtte få glede av eit OL. Vi treng heller ikkje bruke heile milliardpotten for å tiltrekke oss så mykje mediemerksemd som det OL ville gitt oss. Eit spektaktulært kulturår 2018 kan innehalde:
- Gratiskonsertar med U2 i både Tromsø, Lillehammer og Oslo.
- I Don't Like Mondays-turne langs sørlandskysten med Bob Geldof i rullestol.
- Storslått MGP-konsert i Bergen kor ein samlar alle attlevande vinnarar opp gjennom tidene.
- Konkurrerande nyttårskonsert til den i Wien på hurtigruta med verdas beste filharmoniske orkester.
- Digitalisering av NRK-arkivet, slik at vi kan sjå Gulars og Brødrene Dahl når vi vil via internett.
- Gratis inngang til alle museum i Noreg.
- Latterlege lave prisar på teater, opera og dans i heile 2018.
Lista kan bli mykje lenger. Her er det berre fantasien som set grenser, pluss at vi ikkje må overstige utgiftsnivået til eit tredje OL.

