Så mykje oppstyr for så lite. Kvifor trur einskilde journalistar at Frp blir eit miljøparti berre dei vedtek at dei er det?
Førre helg hadde Frp landsstyremøte. Der vedtok dei for første gang i historia eit fråsegn om klimapolitikk. Sjølv om partiet aller helst hadde sett at Noreg ikkje hadde ratifisert Kyoto-protokollen (verdas aller første internasjonale avtale om klimagassreduksjonar), skal ein vere varsam med å kritisere klimatiltaka som no blir føreslått av Siv Jensen og co. Det er ikkje ille det dei kjem med (ein del er faktisk bra), men problemet til Frp er det same i klimapolitikken som på alle dei andre områda: Kva vil dei prioritere den dagen dei ikkje kan dekke alle utgiftene i partiprogrammet med meir oljepengar?
Noreg er ikkje delt inn parti som trur på klimaendringane og parti som ikkje trur på klimaendringane. Det er stor skilnad på klimapolitikken til Venstre og Arbeidarpartiet for å seie det sånn, sjølv om begge partia har trua i orden. Partiskilnadene i klimapolitikken går snarare mellom dei som har vilje til å gjere noko og dei som ikkje har det. At Frp no seier dei tek klimatrugselen på alvor, betyr ikkje anna enn at partiet legg segg inntil Ap på klimaviljeskalaen. Det vil seie heilt nederst.


Comments