Klimatrugselen blei for alvor gjort kjend i 2006, mykje på grunn av Al Gore sin dokumentarfilm ”Ei ubehageleg sanning”, Nicholas Stern sin rapport om klimaendringeane sine økonomiske konsekvensar og dei synlige verforandringene rundt i Europa og andre stadar.
Trass i denne enorme merksemda førte den norske regjeringa ein politikk i 2006 som vil auke klimagassutsleppa, og med det forverre klimatrugselen. Regjeringa, med miljøvernminister Helen Bjørnøy (SV) i spissen, kan mellom anna vise til følgjande "klimatiltak" i 2006 :
- Forvaltingsplana for Lofoten-Barentshavet sikra ikkje varig vern av dei mest sårbare havområda i nord. I staden fekk Hydro lov til å bore etter olje rett utanfor Nordkapp.
- Regjeringa sitt alternativ til grønt sertifikatmarknad for fornybar kraftproduksjon var så dårleg at 9 av 10 vinkraftprosjekt blei lagt på is.
- Statoil fekk lov til å byggje forureinande gasskraftverk på Mongstad. Kraftanlegget vil auke Noreg sine CO2-utslipp med 2 prosent når det står ferdig i 2010.
- Regjeringa følgde ikkje råda til Lågutsleppsutvalet om å gje eit ordentleg lyft til klimaformidling og klimaforsking i statsbudsjettet for 2007.
- Belønningsordninga for kollektivtrafikk i storbyane, som har ført til at fleire reiser kollektivt, blei kutta med over 40 millioner kroner i statsbudsjettet for 2007.
Skal Noreg kutte klimagassutsleppa med minst 10 prosent innan 2012, slik Kyoto-protokollen pålegg oss, og med minst 80 prosent innan 2050, slik FN sitt klimapanel anbefalar, må Noreg endre kurs. Aller hels skaffe seg heilskapleg klimapolitikk.
Stoltenberg-regjeringa må ikkje berre bruke det nye året til å rette opp feila frå 2006, ho må i tillegg gjere (eller setje i gong) følgjande tiltak:
- Erstatte gass som vert brukt på sokkelen med kraft frå fornybar energi. Elektrifisering av sokkelen kan redusere Noreg sine CO2-utslepp med 9,4 millionar tonn per år.
- Sei nei til nye store klimagassutslepp, til dømes gasskraftverk utan CO2-rensing.
- Produsere meir fornybar kraft. Norge har potensiale for 20 TWh vindkraft innan 2020 (mot dagens 0,8 TWh), men då må dei økonomiske betingelsane bli mykje betre.
- Krevje smartare og gjerrigare energibruk i alle offentlege bygg og i alle nybygg.
- Få fart på arbeidet med høgfartsbane.
- Justere drivstoffavgiftene slik at det løner seg å fylle biodrivstoff framfor fossilt drivstoff.
- Doble forskingsløyvingane (minst!).
For øvrig tvilar eg på at Helen Bjørnøy er miljøvernminister i heile 2007.

