Erlend Loe har gjort det. Ravi har gjort det. Det same har Gunnar Staalelsen, Herborg Kråkevik, Bjørn Eidsvåg, Shabana Rehman og Ane Dahl Torp. Og eg har gjort det. På tide du og gjer det?
Ja, du bør og gjere det. Gå inn på www.nestekjaerlighet.no og skriv under på årets viktigaste underskriftskampanje for ein meir human asylpolitikk. Initiativ er reist av privatpersonar med Margreth Olin i spissen, og alt arbeidet skjer på dugnad. Målet er veldig konkret : 200 000 underskrifter frå folket som skal overrekkjast i julegåve til Jens Stoltenberg og Bjarne Håkon Hanssen. Oppropet inneheld følgjande fem krav:
- Norsk asylpolitikk skal følgje FN sine anbefalingar.
- Ingen born skal bu på mottak i meir enn 2 år.
- Barnevernet må ta over omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar NO!
- Dersom ureturnerte asylsøkjarar ikkje kan returnerast fire år etter at dei kom til Noreg, bør dei gis tryggleik, stabilitet og bli innvilga opphald.
- Personar med alvorlege fysiske eller psykiske skadar etter krig eller overgrep, samt handikappede med særlege behov, må aldri returneras dersom dette medfører ein risiko for liv eller for lidingar som kunne vore unngått i Noreg.
Sprei bodskapen om www.nestekjaerlighet.no!


Unnskyld at jeg går off-topic, men dette (se link i navnet mitt) er noe som virkelig får meg til å vurdere seriøst om jeg skal melde meg inn i Unge Venstre! Kjempebra!
Kan du ikke være så snill blogge litt om dine synspunkter rundt det?
Mvh. lorna
Posted by: lorna | 19.10.06 at 01.19
lorna, medan du ventar på svar frå Lars-Henrik, kan du lesa Boye Bjerkholt sitt svært gode innlegg om saka på hans blogg: http://boye.blogg.no/
Posted by: Runar | 19.10.06 at 13.46
Ahh, tusen takk skal du ha Runar!
Posted by: lorna | 19.10.06 at 22.37