Eg er på veg til FN si 61. generalforsamling i New York. I 35 år har Noreg sendt ungdomsdelegatar til generalforsamlinga, og i år er det min tur. Utan samanlikning for øvrig; den aller første ungdomsdelegaten Noreg sendte var Arne Treholt.
I New York skal eg representere Sosialistisk Ungdom, Auf og 69 andre organisasjonar underlagt LNU-paraplyen. Med andre ord ein skikkeleg mølje. Saman med Kathrine Sund frå SAIH skal eg i hovudsak følgje "ungdomssaker" i FN. Det er i realiteten alle saker. Spesielt gler eg meg til debatten om migrasjon i oktober.
Generalforsamlinga starta med generaldebatt 12.september. Det er under denne debatten stats- og regjeringssjefane er med (haha, måtte le av talen til Hugo Chavez for to dagar sidan). Generaldebatten varar ut september. Etter det delar generalforsamlinga seg inn i seks ulike komitear. Desse tek for seg følgjande saksfelt:
1. komité: Nedrustning og internasjonal tryggleik
2. komité: Økonomiske og finansielle spørsmål
3. komité: Sosiale, menneskelege og kulturelle spørsmål
4. komité: Spesielle politiske sakar og avkolonisering
5. komité: Budsjett og administrative saker
6. komité: Juridiske spørsmål
Generalforsamlinga som heilskap er ikkje ferdig før i desember.
Er tilbake i Noreg 11.oktober. Den o-store planen som ungdomsdelegat er å videoblogge opphaldet mitt i FN. Har fått hjelp frå min gode ven Raymond til å sette opp ein ny blogg til føremålet. Så dei neste fjorten dagane er eg å finne på U.N. VLOG.