Neisida sitt hovudargument mot EU-medlemskap er at Noreg utanfor EU er meir solidariske, miljøvenlege og fredelege enn Noreg innanfor EU. Stadig fleire oppdagar at neisida tek feil, skammeleg feil.
I dagens Bergens Tidende konkluderar WWF med at Noreg - for å unngå at vi sakkar akterut på naturvern i høve til resten av Europa - bør ta inn Habitatdirektivet i norsk lovverk. Dette direktivet er EU-landa sitt rammeverkty for å oppfylle internasjonale konvensjonar om biologisk mangfald. Hovudføremålet med direktivet er å etablere eit nettverk av verneområdar for den mest truga naturen i Europa. Alle land som må forhalde seg til direktivet må saman med EU-kommisjonen peike ut nasjonale områdar som skal vere med i desse vernenettverka, som har fått namnet Natura 2000.
Dersom Noreg meiner direktivet ikkje sikrar det biologiske mangfaldet godt nok, så har vi full fridom til å gå mykje lenger. Habitatdirektivet er nemleg eit minimumsdirektiv. At WWF meiner Noreg bør gjere habitatdirektivet til norsk lov, er imidlartid eit signal om at EU sitt minste felles multiplum er betre for naturen enn Noreg sitt maksimum.
Så spørs det då om nei-organisasjonen Natur & Ungdom vil gå saman med WWF i kampen for å gjere Habitatdirektivet til norsk lov, slik at vern av skog, villrein og rovdyr blir betre.
Eg har mine tvil - neisida i Noreg er ofte meir katolsk enn paven sjølv.

