Innstillinga som Gjønnes-utvalet la fram om framtidas tilhøve mellom staten og Den norske kyrkja kunne fått overskrifta "Statskyrkje Light". Sjølv om fleirtalet i utvalet går inn for å fjerne referansane til den evangelisk-lutherske tru frå grunnlova, så ønskjer dei ei ny særlov som skal sikre vidare særhandsaming av kyrkja.
Vi har ingen garanti for at det politiske fleirtalet hamnar der utvalet hamna. Arbeidarpartiet har ein fantastisk emne til å ignorere prinsipielle argument i debatten om statskyrkja. Trond Giske sa til og med på radioen i går at det var gode argument for å halde på dagens statskyrkjeordning, og nemnde mellom anna regjeringa si moglegheit til å utpeike biskopar som noko positivt. Han om det.
Senterpartiet er om mogleg enda mindre prinsipiell i si tilnærming. Dei vil behalde dagens ordning for å hindre at kyrkja sine medlemmer må betale to hundre kroner i medlemskontingent. Vidare fryktar dei at gravferdstenesta blir dårlegare dersom han blir gjort kommunal. I følgje Senterungdommen sin leiar, Erlend Fuglum, vil dei starte tidenes underskriftskampanje for å hindre at staten blir religionsnøytral.
Så har vi Framskrittspartiet. Dei har rett nok ei prinsipiell motstand mot statskyrkja, men eg mistenker partiet for å vere på kollisjonskurs med veljarane. Dette veit Frp, og difor gjer dei som i EU-spørsmålet: Dei spelar ut folkerøystingskortet. At vern av mindretalet sine rettar er ein pillar i det liberale demokratiet - og overordna fleirtalet sin bestemmingsrett - seier dei naturlegvis ingenting om. Pinglar!

