Norsk politikk kan samanliknast med ein saueflokk: Partia er dei kjipe sauene som korkje tenkjer eller handlar sjølv, men som ukritisk underkastar seg bjøllesauen som går i front. I norsk politikk heiter bjøllesauen ofte VG, Dagbladet, NRK eller TV2. Når bjøllesauen spring, så følgjer dei andre sauene lydig etter. Ein etter ein. Ingen vågar å stille spørsmål eller motsei seg bjøllesauen sine kommandoar og premissar. Sist gong dette var demonstrert var ved nedlegginga av Union i Skien.
Media: ”Kva vil partia gjere for å hindre nedlegging av Union ein månad før valet?”
Ap: ”Vi skal hindre nedlegging av Union ved å gjeninnføre statleg kontroll frå 80-talet”.
H: ”Vi skal hindre nedlegging av Union ved trugslar om å fjerne subsidiar frå 80-talet”.
SV: ”Vi skal hindre nedlegging av Union ved å...skattelette for dei aller rikaste”.
Frp: ”Vi skal hindre nedlegging av Union ved å...vi har 1000 milliardar på bok”.
Akkurat som i ein saueflokk er minne i norsk politikk elendig. For rundt åtte månadar sidan var Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen, ja til og med Carl I.Hagen, aller mest oppteken av naturkatastrofar og naudhjelp. Men med ein gong NRKs Philip Lote skrudde av mikrofonen i Ache-provinsen i Indonesia, og bjøllesauen drog ein annan veg, ja så forlot også dei politiske partia Indonesia og naudhjelpsproblematikken. Denne veka var det som sagt Union som opptok samtlege parti, veka før var det terrorkamp, og for tre veker sidan meinte sauene at all politikk til sjuande og sist handla om G8, bistand og gjeldsslette. Og rockekonsertar. Då var vi inne i ”redde-verda-perioden” igjen.
Det er riktig at politikarar skal meine ein heil del om ulike saker, men problemet her er vektlegginga av sakene, og ikkje naudsynt variasjonen. Kvar einaste gong media kjem med ein ny sak, så er det akkurat denne spesifikke saka partia meiner er den aller, aller viktigaste. Hadde ein førre torsdag spurd partia om lærlingeplassar, så hadde dei sikkert svart med at ”det er på tide med eit lærlingeløft”. Bææææææ.
Ingen parti, sjølv ikkje om dei får fleirtal åleine etter valet, kan gjennomføre historisk eldreløft, gratis skulebøker, gratis skulemat, historisk barnehageløft og historisk kulturløft på fire år. Iallfall ikkje når ein samstundes garanterar å fryse skattane. I jakta på sauer som meiner noko i meir enn ei veke, tillatar eg meg å avslutte med eit Sponheimesitat:
Venstre vil aldri bli et populistisk parti. Vi er antipopulistar. Det som pregar oss er at vi er like ansvarlige i opposisjon som i posisjon. Tidligare var det et kvalitetsteikn i politikken. La det bli det igjen.