Kva vil dei eigentleg? Forutan å skru tida tilbake og reversere alt som har blitt gjennomført dei siste fire åra, meiner eg. Så langt går valkampen til Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet ut på å snakke som tre ulike robotar om høgredominert regjering, skattelette til dei rike, rasering av velferdsstaten og det som verre er. Det ser ut til å liggje prestisje i det å framstille røynda minst mogleg presist. Ingen sjølvstendige tankar eller refleksjonar, alt går på autopilot. Til og med ungdomsorganisasjonane deira driv slagordkampanje på autopilot. Viss ein i debattar utfordrar dei tre på kva dei vil gjere med mogleg regjeringsmakt etter valet, så stoggar dei opp. Skjønar ikkje spørsmålet. Politikk, hæ? Kva meiner vi eigentleg om politikk, kjære rådgjevar? Så blir det stille.
Nytt Flertall har samla slagordvalkampen til dei tre håpefulle på ein nettstad. På denne sida kan ein mellom anna lese kvifor ein handfull kjende personar vil ha nytt stortingsfleirtal. Kjendispresten Einar Gelius vil til dømes ha nytt fleirtal "som kan sette ideologi og verdier i fokus". Eh, finst det berre eit sett med verdiar, Jon Gelius? (dette synet har jo Krf lenge stått for), og kva ideologi siktar du eigentleg til? Bondeideologien til Senterpartiet? Sosialismen til SV? Sosialdemokratiet til Ap? Det beste på Nytt Flertall er likevel alle nyhendesakene. Innhaldet i desse går kort fortalt ut på følgjande: Situasjonen i Zimbabwe er pinglete i høve til det privatiseringshelvete som samarbeidsregjeringa har stelt i stand.
Valkampen har så vidt starta, men saklegskapsnivået til Ap, SP og SV er horribelt lågt. Eg syns synd på dei. Og så syns eg synd på Åge Aleksandersen som lar seg sitere med at han ynskjer nytt fleirtal, slik at han kan få ”60 milliardar i året til rockpopjazzfolkemusikkteateroperavisesangbildedans!!! Minst!!!!”


Comments