Så kom svaret frå Erna Solberg sitt departement:
NEDLEGGING AV VESTLANDSHEIMEN STATLEGE MOTTAK
Eg viser til e-post av 21. juni 2005 om nedlegging av Vestlandsheimen statlege mottak.
Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvaret for å tilpasse kapasiteten i statlege mottak til behovet for å innkvartere menneske som søkjer asyl i Noreg. For å sikre god utnytting av offentlege midlar, er det i statsbudsjettet stilt krav om ei kapasitetsutnytting på minst 90 prosent av den faste kapasiteten. Direktoratet må til kvar tid tilpasse det totale talet plassar i mottak til dette. Kommunal- og regionaldepartementet har delegert ansvaret for å opprette nye mottak når det er behov for det, og å legge ned mottak når det er nødvendig å nedjustere talet på mottaksplassar, til UDI.
Prosessen rundt oppretting og nedlegging av mottak må vere fleksibel, og kunne gjennomførast relativt raskt. Det at mange mottaksplassar blir ståande tomme er ikkje god bruk av offentlege midlar. Som følgje av at talet på asylsøkjarar er redusert den seinare tida er det mindre behov for plassar i asylmottak. UDI la i 2004 ned 37 mottak. Talet på bebuarar i mottak har blitt lågare sida årsskiftet, og det vil derfor vere nødvendig å leggje ned enno fleire asylmottak. Det er på denne bakgrunnen ikkje muleg å unngå at bebuarar i mottak enkelte gonger må flytte til eit anna mottak. I tillegg vil eg understreke at eit tilbod om ein plass i eit statleg mottak er eit mellombels og frivillig butilbod.
Drifta ved mange mottak er god, og UDI står overfor vanskelege vurderingar når det skal avgjerast kva for mottak som skal leggjast ned.
Nedlegging av Vestlandsheimen skjer i same tempo som andre nedleggingar av mottak. Det er vanleg å ha ei oppseiingsfrist på 3 månader i kontrakten mellom UDI og driftsoperatør, slik Vestlandsheimen har.
Vestlandsheimen mottak har 170 bebuarar. Av disse er 17 einslege mindreårige asylsøkjarar. Det er rundt 70 bebuarar på Vestlandsheimen som er klare for busetting i ein kommune. UDI er i dialog med fleire kommunar, og det blir teke sikte på å få busett desse personane før Vestlandsheimen blir lagt ned. Ved plassering av bebuarar på andre mottak vil det alltid bli teke omsyn til bebuaren sine ønskjer og behov. UDI arbeider for at alle barnefamiliar på Vestlandsheimen skal få flytte til nytt mottak før skulen startar opp att etter sommaren.
Av dei 17 busette på avdelinga for einslege mindreårige på Vestlandsheimen er berre 6 under 18 år. Alle dei einslege mindreårige under 18 år vil bli busette på avdelinga for einslege mindreårige på Dale mottak. Ingen av dei einslege mindreårige har flytta før skuleåret var avslutta.
UDI har fylgt Barnekonvensjonen artikkel 12 ved å ha individuelle samtaler med alle dei 17 bebuarane som er registrert som einslege mindreårige på Vestlandsheimen.
Fleire har gitt utrykk for at dei ikkje ønskjer å flytte, og at dei vegrar seg for å bu på eit nytt mottak. Barna sine synspunkt skal leggjast vekt på og eg har forståing for synspunkta. Einslege mindreårige under 18 år kan likevel ikkje nekte å flytte til eit anna mottak for einslege mindreårige. Det er UDI som har omsorgsansvar for einslege mindreårige under 18 år, og det er derfor direktoratet sitt ansvar å sørgje for at dei får eit godt tilbod medan dei søkjer asyl i Noreg. UDI har ein tett dialog med personalet på det einskilde mottaket for å leggje til rette for best mulege forhold for den einslege mindreårige på det mottaket vedkomande skal flyttast til. UDI sikrar også at verjene til dei einslege mindreårige er informert om prosessen.
Flytting til eit anna mottak betyr ikkje at bebuaren får eit dårlegare tilbod, og eg har full tiltru til at bebuarane ved Vestlandsheimen vil få god oppfølging ved det mottaket dei flytter til. Det er vanskeleg å unngå at enkelte er ueinige i UDI si avgjerd om nedlegging av mottak. Det er likevel ikkje muleg å forsvare økonomisk overfor Stortinget at mange mottaksplassar blir ståande ubrukte. Det er derfor ikkje aktuelt for Kommunal- og regionaldepartementet å endre avgjerda om å legge ned Vestlandsheimen.

