I dag sendte eg følgjande brev til Erna og KRD:
Spørsmål frå Unge Venstre ang. 60 born på Vestlandsheimen Statlege Mottak
Eg har følgjande spørsmål som eg håpar KRD vil svare på snøggast råd ifm UDI sin stenging av Vestlandsheimen Statlege Mottak : Kvifor blir det ikkje teke meir omsyn til dei 60 borna som bur på mottaket når mottaket skal leggjast ned?
Nedleggjinga vart annonsert av UDI 8.juni 2005, og veka etter hadde dei individuelle samtalar med einslege mindreårige. Mottaket skal stengjast innan 31.august. Mitt første ankepunkt er tempoet i denne prosessen, eller kanskje det er manglande prosess som er problemet? Å få nokre veker på seg til å flytte til eit heilt nytt miljø (dei fleste har fått beskjed om å flytte til Dale) er ikkje nok for eit born som må bryte heilt opp med skule og sosialt nettverk. Eg vil påstå at dersom det hadde vore snakk om "norske" born på ein barneverninstitusjon, så ville det vore ein betydeleg prosess rundt ein slik tvangsflytting.
Eg har i dag snakka med organisasjonen SoHo (Se Oss Hør Oss) og dei meiner borna ikkje blir teke omsyn til i flytteprosessen, trass i samtalane som har funne stad. Deira konklusjon er at ingen av ynskja frå borna på dette møtet vart teken omsyn til i særleg stor grad når det kom til omplassering. Det er laga ein eigen rapport frå desse møta.
Unge Venstre vonar at KRD grip inn, slik at det blir gjeven meir tid. Borna må vidare bli høyrt skikkeleg i denne saka, og ikkje bli overkøyrd. Minner om at Noreg er forplikta av Barnekonvensjonen artikkel 12 som seier, at "Barnet har rett til å si sin mening i alt som vedrører det og barnets meninger skal tillegges vekt".
Når eg får svar skal eg leggje det ut her.


Comments