Skal kanskje ikkje kalle bloggeoppslaget til Torbjørn for teit, for sjølv har eg aldri hatt så mange treff på bloggen min som i dag. Men dette var ikkje tenkt som ein takkemelding, men snarare som eit veddemål. Skulle sjølvsagt ha posta beskjeden på "Torbjørns blogg", men der er det ikkje mulig å legge inn kommentarer.
Eg er nemleg overbevist om at Torbjørn ønsker seg kommentarfunksjon på nettsdia si, slik at det blir ein skikkeleg blogg. Men dersom Unge Høgre ikkje skaffar seg ein slik funksjon før valet, og vil halde fram med å debattere på andre partis nettsider, så skal eg gå med på å kalle Torbjørns blogg for ein blogg.


Comments