Spørsmålet om gratis skulemateriell for vidaregåande elevar kjem opp kvart einaste valår. Difor er det inga bombe at Arbeidarpartiet frå sidelinja no foreslår gratis skulemateriell…dersom dei vinn valet til hauste. Tru det dei som vil. Personleg syns eg gratis skulebøker er ein elendig sak. Det er noko alle politikarar er for i skulevalsdebattar, men som ingen syns er viktig nok i mellomvalår. Det bør nokon vere så ærleg å innrømme.
Heller ikkje elevorganisasjonen syns gratis skulebøker er spesielt viktig. Då eg møtte EO før statsbudsjettforhandlingane i fjor, så var ikkje gratis skulebøker ein sak dei prioriterte. Elevdemokrati og arbeidsmiljø var viktigare, meinte EO.
Kvifor er det slik? Kanskje fordi det i jungelen av gode saker ikkje er rom for ein generell lommepengeutdeling til landets elevar? Kanskje fordi dei aller fleste elevar ikkje lir nokon naud pga utgifter til bøker og utstyr? Arbeidarpartiet sitt forslag er endå eit prov på at politikarane, oftare enn å dekkje materielle behov, skapar slike behov.