I Mjølfjell utanfor Bergen held nederlandske soldatar på med militære øvingar. Dei skal halde fram t.o.m. torsdag denne veka. Sidan det er midt i vinterferien, og det militære området er eit sinnsvakt fint turmål, har DNT-Ung aksjonert. Det ville eg og ha gjort dersom eg budde ligg nærare. Motivasjonen er forsvarets arroganse. Av alle dagar i året, så vel dei vinterferien som øvingstid. For litt over eit år sidan var eg på eit folkemøte på Voss om framtidig flybombing på Mjølfjell. Sjølv om vi den gong klarte å stogge forsvaret sine bombeplanar, så hugsar eg enno lovnaden frå forsvaret om å halde øvingar og slikt unna feriedagane. - Det skulle då berre mangle, sa dei den gongen. Fleirbruksområde kalla dei det. I dag klagar dei over at det ikkje er så lett å planlegge dette med tidspunkt og slikt, spesielt vanskeleg er det når fjellområda er leigd ut til våre allierte. Mitt ønske er difor at aksjonane til DNT-Ung resulterer i ein prinsipiell debatt om bombing i ferien. Førstebruksretten bør høyre til oss sivile.


Comments